Neste års nettverkssamling er lagt til Sunnmøre den 23.-25.august 2017. Vertsmuseum er Stiftinga Sunnmøre Museum med fleire interessante avdelingar. Vi vil mellom anna verte kjent med Sunnmøre Museum i Ålesund og avdelinga/høgdegarden Ytste Skotet. Invitasjon og program kjem ut i vår, men vi vil oppmoda deg å setja av datoen 23.-25.august alt no!
Tidleg i februar hadde nettverket ei samling i Oslo. Den første dagen var det seminar med Hageforum på Naturhistorisk museum på Tøyen. Denne dagen var temaet forvaltnings- og skjøtselsplaner. Vi fekk også omvising på museet. Andre dagen hadde vi flytta oss til Bygdø Kongsgård. Vi hadde her det årlege nettverksmøtet etterfølgd av ei omvising på Bygdø Kongsgård – Norsk Folkemuseum. For meir informasjon sjå referat, foredrag og bilete.
I august hadde vi ei flott nettverkssamling i Harstad med omland. Trondenes historiske senter var vertsmuseum og dei tok oss med på ein reise i Harstad og Kvæfjord kommune.
Vi fekk lære kjenne fleire avdelingar i Sør-Troms museum og område dei jobbar med. Kulturlandskapet var variert og strakte seg frå vikingtid og fram til moderne tid. Vi fekk sjå både samisk og norsk lemningar. Les meir om samlinga i referatet og sjå bileta frå turen.