Samlingar i nettverket

Nettverket har ei årleg samling der vi vitjar ulike museum i det langstrakte landet vårt

17. samling i nettverket, Sverresborg 18. april 2018

Nasjonalt museumsnettverk for kulturlandskap, Sverresborg

Årets nettverksmøte var lagt til Trondheim. Sverresborg museum lånte ut lokal med utstyr og tok oss med på ein omvising på museumsområdet. Årsmøtet vart kopla opp mot eit hageseminar på Lade, og mange av årsmøtedeltarane deltok på dette seminaret i regi av nettverket for gartnere i historiske anlegg og Ringve botaniske hage 19.-20. april. Les meir om nettverksmøtet i vedlagt referat.

16. samling i nettverket, Ytste Skotet 25. august 2017

Nasjonalt Museumsnettverk for Kulturlandskap, Ytste Skotet. Foto: Leif Hauge
På årets samling i Nasjonalt Museumsnettverk for Kulturlandskap reiste vi til Sunnmøre og besøkte høgdegarden Ytste Skotet ved Storfjorden. Det er ein autentisk høgdegard som vert drive av Stiftinga Sunnmøre Museum. Vi fekk omvising både på Ytste Skotet og nabogardane i grenda. Les meir i vedlagt referat.

Fagtur til Romania i 2016

Slåttegjeng i Orodik, Romania. Foto: Leif Hauge
I august 2016 arrangerte Nasjonalt Museumsnettverk for Kulturlandskap ein studietur til Romania med hovudvekt på Transylvania. Målet for turen var å oppleva eit autentisk kulturlandskap med kulturmarkstyper, tradisjonelle bygningsmiljø, element og levande arbeidsprosessar. Kulturlandskapet har mange likskapar med det historiske norske kulturlandskapet og kan gje oss nyttige innspel om praktisk formidling og forvaltninga av dette. Reisa gjekk i regi av Klunderud Natur og Kultur som har lang erfaring frå liknade turar i området. Referat frå turen finn du under vedlegg.

Sider

Abonner på RSS - Samlingar i nettverket