Fagtur til Romania i 2016

Slåttegjeng i Orodik, Romania. Foto: Leif Hauge
I august 2016 arrangerte Nasjonalt Museumsnettverk for Kulturlandskap ein studietur til Romania med hovudvekt på Transylvania. Målet for turen var å oppleva eit autentisk kulturlandskap med kulturmarkstyper, tradisjonelle bygningsmiljø, element og levande arbeidsprosessar. Kulturlandskapet har mange likskapar med det historiske norske kulturlandskapet og kan gje oss nyttige innspel om praktisk formidling og forvaltninga av dette. Reisa gjekk i regi av Klunderud Natur og Kultur som har lang erfaring frå liknade turar i området. Referat frå turen finn du under vedlegg. Referatet er rikt illustrert med billete.