14. samling i nettverket, Harstad, 26.-28. august 2015

Båttur med Anna Rogde, foto Harriet Olsen

I august hadde vi ei flott nettverkssamling i Harstad med omland. Trondenes historiske senter var vertsmuseum og dei tok oss med på ein reise i Harstad og Kvæfjord kommune.

Vi fekk lære kjenne fleire avdelingar i Sør-Troms museum og område dei jobbar med. Kulturlandskapet var variert og strakte seg frå vikingtid og fram til moderne tid. Vi fekk sjå både samisk og norsk lemningar. Les meir om samlinga i referatet og sjå bileta frå turen.

SEMINAR FOR HAGEINTERESSERTE

Kategori:

Stora Ek Herrgard, foto Wigulf

TO SEMINAR FOR HAGEINTERESSERTE VERT HELDT I MARIESTAD, SVERIGE

No i haust er det to interessante seminar/ konferansar i Sverige. Båe er lagde til Mariestad med omland.

Den 30. september - 2. oktober: Byggnadsvårdens konvent - inneheld fleire ulike program der eit tek føre seg "det grøne mellom husa"

Den 19.-20. oktober: "Bland häckar og gångar - antikvarisk medvetenhet och utvecklande skötsel" - som overskriften tyder tek konferansen føre seg bevaring og skjøtsel av hekkar og gangar.

Innbydingar til seminara finn du som pdf under her:

Sider

Abonner på Nasjonalt museumsnettverk for kulturlandskap RSS