22. nettverkssamling 25.-27- august, Romsdalsmuseet
Kategori:
Takk for ei flott samling i regi av Romsdalsmuseet!
Den 25.-27. august 2025 gjekk den 22. nettverkssamlinga i kulturlandskapsnettverket av stabelen. Tema for årets samling var "Kulturlandskap, utvandring og migrasjon" der vi såg på ulike måtar å forstå kulturlandskap i ljos av nettopp utvandringa til Amerika spesielt, og migrasjon generelt. Gjennom fagleg engasjerande foredrag frå Terje Mikael Hasle Joranger frå Norsk utvandrermuseum, Anno, og Tor Myking frå NIBIO, presentasjonar av prosjekt frå deltakarane og ikkje minst gjennom eksursjonar i landskap og museumsarenaer leia av Hans-Olav Solli og Hilde Stenmark Kvennes og deira kollegaer ved Romsdalsmuseet fekk deltakarane eit breitt og variert innsyn og innfallsvinklar til tematikken. Her kan nemnes Kavli Moen Gård og Eikesdal, Nesset prestegard og Veøya, sistnemnd med ei historisk vandring med Kristoffer Dahle frå Møre og Romsdal fylkeskommune, Chateau-Hagen og Krona i Molde sentrum og Maleremmen Kystgard og Bud Kystmuseum.
Tusen takk til Romsdalsmuseet og alle deltakarane for ei flott og inspirerande samling!
Invitasjon
I samband med 200 års jubileet for den norske utvandringa til Amerika vil tema for årets nettverkssamling for Det nasjonale museumsnettverket for kulturlandskap vera 'Kulturlandskap, utvandring og migrasjon' med Romsdalsmuseet som vertskap. Med flytting av menneske vert det også flytta ting, idear, kultur og tradisjonar. Levesetta til menneske heng tradisjonelt sett svært nært saman med interaksjonen mellom menneske og landskap. Med Romsdalen som arena ynskjer vi å snakke om og sjå på korleis migrasjon og utvandring har påverka – og påverkar – kulturlandskap. Flytting av menneske, ting, idear, kultur og tradisjonar (kan) bety flytting av jordbrukspraksisar, frø, dyr og plantar, bustadskikkar, matskikkar og idear om estetikk som påverkar og endrar landskap, gir nye namn og nye assosiasjonar som igjen formar kultur og sosiale tilhøve. Samlinga vil starte på Fred Kavli sin barndomsheim: Kavli Moen Gård. Her vil vi starte med faglege foredrag, 6-minuttern og ekskursjon til Eikesdal. Dagen etter skal vi innom Nesset Prestegard, Veøya kulturlandskap og Chateau-hagen i Molde og snakke om dagens og historiske hagar og kulturlandskap med migrasjon- og utvandring som ein raud tråd. Tredje og siste dag går til Maleremmen kystgard, med eskursjon, fagleg påfyll og nettverksmøtet. Påmelding her: https://docs.google.com/forms/d/e/1FAIpQLSe4ljEm9c-lYE2oYM4g9gIrUnXPk4i7... Påmeldingsfrist 1. juni!




